Eresfjord

«Klatring i Eresfjord» av Iver Gjelstenli, Bjørn Bergsvik, Bjørn Magne Øverås OG Terje Aamodt.

Den første utgåva av klatreføraren for Eresfjord kom ut i 2009, og blei utsolgt etter eit par år. Den andre og sterkt utvida utgåva kom i 2014. Her får du detaljert informasjon om 64 fjell- og klipperuter på 9 klatreområde i Eresfjord: Goksøyra, Skjorta, Ørmagjølet, Håhammaren, Gaidsvaet, Ulvesvaet, Blåsvaet («Forklesvaet»)  og Utkleiva med Balansekoden. I tillegg har Bjørn Magne Øverås laga eit oversyn over 62 isruter i Eresfjord og Eikesdal.

For kjøp av bøker og oppdatert informasjon om klatring og nye klatreruter i Eresfjord: www.eresfjord.no/klatring

Boka kan også kjøpast på daglegvarebutikken «Coopen» i Eresfjord, hos bokhandlarar, i Moldeveggen, Platou i Molde, Norsk Tindesenter på Åndalsnes og hos VPG på Oppdal.

Tilbake